Se video på tegnspråk og norsk tale.
Her kan du også se introduksjonsfilm om Tastaturbo som kan vises til elevene.
Programmet er bygd opp med 18 leksjonar. I kvar leksjon øver eleven på nye bokstavar/teikn, samstundes som bokstavar frå tidlegare leksjonar dukkar opp. Etterkvart skal eleven skrive ord med bokstavane som er lært.
Nettressursen inneheld:
- Lærarrettleiing
- Introduksjonsfilm
- Lydstøtte
- Ressursar til nedlasting, diplom, oversikt over fargekoding og framdriftsoversikt
- Tastaturbo-song, «Ta frem tastaturet», med musikkvideo
- Bokmål-, nynorsk- og teiknspråkversjon
- Sluttest, der eleven kan teste om målet er nådd
Lærarrettleiing på nynorsk
Lærerveiledning på bokmål
Tastaturbo er laga for å møte måla i fagfornyinga for alle elevar, men er spesielt utforma for elevar med spesialpedagogiske behov som treng å kunne bruke tastatur. Programmet er utvikla med inkludering som mål.
Det er viktig at du les lærarrettleiinga før du set elevane i gang med tastaturtreninga. Rettleiinga finn du under knappen «for læraren» på startsida.
For å bli dyktig i touch-metoden er det trening som må til. Det er betre å øve ofte med korte økter, enn at det er lengre økter som ein gjer sjeldnare. Heller 10 minutt kvar dag i intensive periodar, enn ein gong i veka gjennom året. Kvar økt bør ikkje vere meir enn 10-15 minutt. Det er intenst og krevjande å øve på touch-metoden.
Tips og ideer
Dersom klassen har tilgang til eigne digitale verktøy, kan Tastaturbo gjennomførast i full klasse. Hugs hovudtelefonar til alle.
Tastaturbo passar godt i stasjonsundervisning og som heimearbeid. Programmet kan også vere ein del av opplæringa saman med STL+. Lydstøtta i Tastaturbo seier bokstavlyden, ikkje bokstavnamnet. Elevane treng støtte og rettleiing i arbeidet med å bruke riktige fingre på riktige tastar.
Hvordan virker den?
Tastaturbo er nettbasert, og kan brukast på ulike plattformar som PC, Chromebook eller iPad. Det trengs inga installering eller nedlasting.
Programmet er bygget opp med ein jamn progresjon, så det er viktig å starte på leksjon ein. Leksjon 1 – 8 varar i 4 minutt, og leksjon 9 – 16 varar i 5 minutt. Tida blir illustrert i ei søyle på høgre side. Det kan vere nyttig å øve mange gonger på dei same leksjonane, for å få touch-metoden til å «sitte i fingrane».
Målet er å klare 45 teikn i minuttet. Etter fullførte leksjonar kan ein teste om ein har nådd målet i ein sluttest. Under knappen «For Læraren» kan du finne ein diplom som du kan printe ut og dele ut til eleven som klarar målet.
Innstillinger/funksjoner
I nettressursen Tastaturbo blir innhaldet presentert i form av skriftleg tekst (bokmål og nynorsk), tale eller teiknspråk.
Du kan forstørre programmet i nettlesaren din. Då brukar du CTRL + og CTRL -. Fargekontrastar og bildeforklaringar skal samsvare med krav om universell utforming.
Programmet er testa med skjermlesar, og det skal vere mogleg å bruke Tastaturbo med skjermlesar.
Liste over hurtigtastar finn du som vedlegg i lærerrettleiinga.